Fjelltur

No er sommaren over, skulen har starta, feriemodusen har forsvunne, og vi har klart å snu døgnet på rett veg igjen. Har hatt ein fin sommar, der vi har gjort mykje forskjellig, og har truffe mange kjekke folk. Hadde ein kjempefin tur til Halmstad (sverige) på o-ringen, med strålande sol og mykje folk. Gøy å vere med på orientering saman med ca 21.000 andre (sjølv om vi sjølvsagt ikkje såg alle :-))

Gutane våre har vore kjempeflinke, og vore med på å ta imot ein ny fosterson i huset i vår/sommar. Dei to eldste har gjort ein veldig bra jobb. Dei har trådt til med aktivisering, trøst og leik saman med 4-åringen. Vi ville gi dei ei belønning for det, og dei har valgt ei kjempeflott belønning som både faren og eg var veldig glad for: tur til Galdhøpiggen!!!! for oss 4.

No har vi ordna helgepass til ein, besøksheim til ein annan – og er snart klare for å reise til Galhøpiggen. Har pakka for gutta og meg sjølv, og gler meg som ein liten unge.  Har fulgt med på yr.no og har gremmast over det dårlege vere dei har meldt. Har også sendt nokre bøner oppover om «godt og lagleg ver». Og kva ser vi i dag: Jo, det er meldt sol over Jotunheimen på laurdag. Kan det bli betre?  No har solkremen også kome opp i tursekken, og i morgon set vi kursen austover.

iTEC

Ikkje så ofte eg oppdaterer her, men eg får gjere ein liten jobb no. Våren 2012 var eg så heldig å få vere med i eit pilotprosjekt for iTEC – fremtidens klasserom, gjennom IKT-senteret. Vi testa ut undervisningsopplegg der elevane var produsentar av læringsressursar. Veldig spennande, og du finn IKT-senteret sin info om det her. Og mine utruleg sportye og flinke elevar i 7. klasse dei var med og var testkaniner. Dei jobba iherdig, og eg er stolte av jobben dei gjorde.

Etter oppfordring frå IKT-senteret laga eg ein prezi som eit sluttresultat for arbeidet vårt. Den har blitt lagt ut på iTEC- Europa sitt lærarnettverk, men om du har lyst til å sjå kva vi dreiv med, så skal du gjerne få ta ein titt på det:  iTEC-presentasjon

Flaut

Og eg som hadde så store ambisjonar om å halde denne bloggen ved like… Det må visst datasaker til for at eg skal oppdatere her 🙂

Det nye no er at eg er så heldig å få vere med i iTEC-pilotering.  Her finn du litt info om det vi driv med: Elevar som produsentar av læringsressurs.  I dette prosjektet vidareutviklar vi Wikien vår, og arbeider med Energi. Dette er kjempegøy, og vi har testa ut EtherPad i samskriving, lært mykje i Wikien – og i neste veke skal elevane lage sin første Prezi.  Det er virkeleg gøy å vere lærar når vi får lov å halde på med dette 🙂 og når eg har ei super klasse som gjer nesten alt det eg ber dei om….

Måloppnåing

På søndag nådde eg eit mål eg satte meg for 3 år sidan – då vi flytta hit til denne store øya. Eg har leita etter den rette dagen, og den gode følelsen … og på søndag medan eg sykla rundt Storavatnet saman med Daniel, då kjente eg på den gode følelsen: I dag er dagen for ein lengre sykkeltur 🙂 Så etter middag og kaffibesøk, fekk eg grønt lys til å prøve å gjennomføre «bragden». For mange er dette ein liten treningstur, men for meg som ikkje er topptrent var det ein stor seier. I løpet av dagen sleit eg meg då gjennom over 80 km… Ei fantastisk flott øy, flotte vegar og farlege bilistar. Eg trudde at eg kom til å få god tid til å tenkje og fundere over livet i løpet av desse timane, men for å vere heilt ærleg – måtte eg vere fullt konsentrert om trafikken – for det var mykje bilar på vegen, og mange tok lite hensyn (spesielt trailarsjåførane). Men eg var kanskje ein som ikkje skulle vere i vegbana….?
Krampen tok meg etter 70 km, og det var ingen god tur frå Vistvik og heim. Kun rå vilje og gleden over å ha nådd målet som drog meg.

Dagen derpå var ikkje så god 🙂 Lårmusklane klaga fælt, og eg var vel temmeleg funksjonshemma. Men det er over, og det er ikkje utenkjeleg at det blir ein ny tur i løpet av sommaren……

Vil også seie at eg har enda større respekt for min bror som har sykla Trondheim-Oslo. Rett nok på ein raskare sykkel, og med meir grunntrening – men dog: Det er imponerande det!!!

Ferie

Godt med ferie. Sit i godstolen og ser på regnet. Skulle så gjerne hatt litt tørrver, slik at det vart malever…Har ein del som skulle vore mala – og det er vel slikt vi skal bruke sommerferien til….. Og det var denne veka det skulle skje: Fotballskule for to og leir for ein.. Eg har grådig god tid, og sit og ser på regnet. Kanskje eg heller skal gå ut og grave grøft til avløp…..

Studiepause

Så har eg fått satt meg grundig inn i korleis eg kan bruke Prezi som presentasjonsprogram, og bestod vurderinga ved HSH denne veka.  No går vi og venter på den skriftlege vurderinga….. Vi hadde i oppgåve å presentere eit godt døme på korleis vi kunne knytte IKT inn i undervisninga. Føler at i løpet av denne våren har eg blitt proppfull av gode døme, og har brukt IKT i undervisninga som aldri før.

Har ikkje vore oppe til munnleg eksamen på mange, mange år, så det var ekstra spanande å presentere arbeidet sitt for faglærarar og sensor. Som lærar er vi vel oppe til eksamen mange gongar, men det var likevel noko heilt anna. Teknikken med Prezi fungerte godt, og på 15 min. fekk eg sagt mykje. Det gjeld å kunne kunsten med å snakke både på inn- og utpust 🙂  Takk igjen til mine gode elevar som nok ein gong var «forsøkskaniner», og ga meg mange gode innspel og moment i eksamensoppgåva. Dei andre momenta som gjaldt forbetrings- og  utviklingspotensialer – var det andre som stod for. 

No er det studiefri fram til september, og eg kjenner allereie den litt rastlause følelsen… skal eg ikkje studere og jobbe litt no… Men no er pc’en flytta ut av stova..

Øving 4 – oppgåve 2

Denne veka fekk ei gruppe av elevane mine i oppdrag å  presentere skulen vår med hjelp av PhotoStory. Eg følte at eg var i ein situasjon som: «Ellen gjør ting hun ikke kan». Eg hadde laga ein veldig kort og enkel presentasjon, og viste dei mest grunnleggjande elementa i programmet. Deretter ga eg dei heilt frie tøyler. Resultatet vart sånn middels. Dei vågde ikkje sleppe seg heilt lause, og vi skulle hatt meir tid til å setje oss inn i programmet.

No har eg laga ein liten filmsnutt der elevane kan få kort opplæring i bruk av PhotoStory. Det er heilt sikkert mange betre som ligg på YouTube – men no ligg faktisk min der også…. Eg kjem også til å leggje filmen (linken) ut på Fronter – lærarrommet, og håper at mange av mine kollegaer vil prøve ut programmet. Filmen kan du jo sjå her, om du vil..(oppløysinga vart ikkje så god…)   

Eg brukte programmet Camtasia, og det var veldig enkelt i bruk. Alt gjekk veldig greitt, og det vart sjølvsagt mange re-startar og slettingar… Under redigeringa såg eg at eg hadde gløymt ein viktig instruksjon, og då kunne eg filme den for så å setje den inn i den andre filmen. Det eg ikkje tenkte på då – som eg ser i ettertid – er at eg har ein anna bakgrunn på skjermen min. Men dette er ein lærdom som eg tar med meg.

Eg har prøvd ut filmen, og viste filmen til ei ny elevgruppe før dei fekk oppdraget om å gå ut og ta bilete, og presentere skulen. Elevane på trinn 6 er godt vane med å måtte teste ut ting innan IKT – og dei er så flinke til å gi tilbakemeldingar – så dei starta med friskt mot. Dei aller fleste klarte godt å bruke programmet utan noko meir instruksjon – og det er jo kjekt for meg, for då har eg jo oppnådd det eg ville med videosnutten 🙂

Videosnutten ligg på lærarrommet på Fronter, men enno er det ingen som har sett den. Håper på meir respons etterkvart… men må kanskje sende ut melding om det, sidan ikkje alle er så aktive på LMS.

Øving 4 – oppgåve 1

Så har eg oppretta konto på SlideShare og lagt ut min første presentasjon. Eg laga ein liten PowerPoint-presentasjon over noko (litt..) av det eg har lært i dette faget. Har lært veldig mykje, så det blir ein liten smakebit.  Eg har presentert litt av min pedagogiske bruk av IKT i naturfag i 6. klasse.  Vi har brukt ikt mykje meir, men eg har fokusert på bruk av Fronter i denne presentasjonen.

 I presentasjonen min skifta bileta automatisk, men det forsvann i denne linken.. har visst mykje å lære enno 🙂

Det gjekk greit å leggje ut presentasjonen på SlideShare. Og no må eg bruke litt meir tid på å studere SlideShare og sjå kva som ligg der frå før. Ser jo ut som at det er ein grei plass å leggje ut undervisningsopplegg eller foredrag som skal vere tilgjengelege for andre, og som eg gjorde nettopp- lenka det til bloggen eller andre nettstader.

Eg er av dei som alltid tek mange bilete, både jobb og fritid, og i slike settingar må det vere greitt å bruke SlideShare for å dele dei. På skulen lagar eg ofte fotoalbum i PowerPoint og legg dei ut på Fronter, og så må kvar lærar kopiere albumet over til sitt klasserom. Eit alternativ kan jo kanskje vere å bruke SlideShare til å dele presentasjonen/fotoalbumet.

Øving 3 – Oppgåve 3

God bruk av Web 2.0 i undervisninga

Elevane er på nett, og dei brukar mykje av web 2.0 teknologien på heimebane. Eg trur det er viktig at vi som lærarar og foreldre også er med, og at vi ikkje avfeiar det heilt og stengjer det ute. Trur det er viktig at vi er på banen og kan snakke same «språk» som mange av elevane, og så får vi vere med og styre og rettleie elevane/borna i bruken. Når eg skal tenkje gjennom kva muligheiter web 2.0 kan gi, så tenkjer eg at det blir vanskeleg å seie noko generelt om det, for det er eit så stort emne der noko kan brukast veldig godt, medan andre ting er vanskelegare å få til. Nokre tenester har kanskje ikkje så stor funksjon i barneskulen, men er eit nyttig verktøy på ungdomsskulen osv. Så det er kanskje viktig å tenkje trinn og kva aldersgruppe ein arbeidar med. Det er også sagt så mykje godt om bruk av web 2.0 i så mange bloggar og andre sider, og eg føler at det er vanskeleg å blande meg i dei diskusjonane – til det kan eg for lite om Web 2.0.

Men uansett, så må vi tenkje nytt, og tørre opne for ein ny bruk av IKT. Lærarane si oppgåve må vere å bruke teknologien i ein pedagogisk samanheng, og bruke faget som sitt utgangspunkt, og at bruk av IKT skal vere med på å fremje elevane si læring. Vi må kanskje tørre å sleppe elevane litt meir fri i ei verd som dei kjenner kanskje betre enn oss, og vi må lære dei nye ting – t.d. tolke den infoen som omgir dei, danning, kildekritikk og nettvett.

Trur det blir ein viktig jobb å få kollegaer med på dette, og få dei til å sjå alle dei moglegheitane vi har. Vi har lærarar med ulik datakompetanse, frå dei som meiner at vi godt kan klare oss utan databruk i skulen, og til dei som ønskjer å prøve ut det meste. Vi skal ikkje legge vekk alt det gode som blir gjort i skulen utan pc, men vi har eit kjempegodt supplement i undervisninga. O. Erstad seier det slik i si bok: Digita kompetanse i skolen (2010, s. 180) «Forpliktelsen for digital kompetanse ligger i Kunnskapsløftet. Derfor blir det viktig å få på plass den nødvendige kompetansen slik at lærere ser tydeligere hvordan bruken av IKT kan styrke læringsarbeidet i skolen, og få en klarere formening om når og til hva teknologien kan brukes, og når og til hva den ikke bør brukes».

O. Erstad brukar vidare ein modell i same bok (s. 164), for å vise kva faktorar på ulike nivå som er med på å styre den pedagogiske bruken av IKT ved skulen.

Mi eiga erfaring er verkeleg at organiseringa, tidsbruk, faginndeling, dei teknologiske rammene,infrastrukturen med tilgang til pc, programvare etc. er med på å styre bruken. Noko av dette har eg tatt opp i tidlegare innlegg. Kanskje første steget må vere å la lærarane vere administrator på si eiga maskin? Hos oss får vi ikkje oppdatere eller laste ned program utan å spørje IKT-ansvarleg på skulen/kommunen om det, og så må han vurdere om vi skal få det. Mange kommunar har det slik, men eg høyrer heldigvis at stadig fleire kommunar går vekk frå den praksisen. Det er ganske vanskeleg som lærar – og IKT-interessert å ha det slik.

Så er spørsmålet om kva moglegheiter web 2.0 kan gi for mi undervisning. Eg har meir om det i oppgåve 2, men her har eg med i tankane at pc’ane ikkje er så lett tilgjengelege – dvs. vi brukar lang tid for å kome på, timane er på 45 min, eg har klassen få timar i strekk og systemet er stengt for ein del av programma vi tenkjer innan Web 2.0. Derfor er det viktig for meg å gå med små steg og sjå på moglegheitene – ikkje begrensningane 🙂 Eg kan heilt sikkert bli mykje flinkare til å bruke medier, og eg prøver å bruke stadig meir, men eg meiner at eg også er flink på å bruke andre ressursar enn IKT. I naturfagtimane startar eg gjerne timen med å vise Supernytt frå NRK på storskjerm. Dette for å få elevane til å følgje med på det som skjer rundt om i landet og verda. Eg brukar YouTube når det høver, Wordle eller tagxedo, og eg har introdusert RSS for dei. Eg har abonnert på rss-straumar saman med elevane – og tenkjer å bruke litt av naturfagimane til det. Vi brukar diskusjonsforum i LMS aktivt for å få øving i å ordleggja seg skriftleg, og kunne skrive til andre om sine meiningar – og  her fletta eg inn nettvett og digital danning.  Gjennom LMS deler vi elevarbeid, og elevane får presentere delar av sitt arbeid der.

Kan ein seie at eit spesielt læringssyn må liggje til grunn for å gjere bruk av Web 2.0? 

Gjennom Web 2.0 er nettsidene meir dynamiske, og brukarane er med på å styre meir av innhaldet. Brukarane skal publisere, utveksle filer osv. og det er meir kommunikasjon over nettet mellom brukarane. Då seier det seg sjølv at det må vere eit læringssyn der eleven skal vere aktiv og handlande, det må leggjast vekt på samarbeid meir enn før, og elevane må dele og motta kunnskap frå andre. Prosessen med «learning by doing» (Dewey) må kome her. Elevane må sjølve finne info, arbeide med det, og så dele det vidare.

Det sosiokulturelle læringssynet må nok liggje til grunn for å gjere bruk av Web 2.0. Dette læringssynet legg vekt på at læringa skjer i ein sosial prosess, og læring kan ikkje skje dersom ikkje individet står i eit samspel med dei sosiale omgivnadane. (G.Imsen, 2006)

Øving 3 – oppgåve 2: Utforsking av ei Web 2.0-teneste

 I utgangspunktet hadde eg tenkt å arbeide litt meir med Wordle. Eg har prøvd fleire ulike Web 2.0-teneste som eg sjølv meiner er interessante, og som eg godt kunne tenkje meg å prøve ut på elevar (m.a. Wiki, Etherpad). Men for å kunne få til det, må eg ha ein litt lettare IKT-kvardag enn det eg har no, og IKT må bli eit større satsingsområde i kommunen enn det eg opplever at det er i dag. Eg må stikke fingeren i jorda og sjå på kva som er realistisk at vi får til, og håpe at eg kan få brukt verktøyet saman med elevar, og systemet gir oss tilgang til å bruke det.

Eg har vore innom ulike bloggar og nettsider, og sett litt på dei som anbefaler bruk av Wordle i undervisninga, og eg finn mange gode tips der.

 Hensikta med tenesta:

Elevane kan skrive inn ord/setningar, kopiere tekst frå t.d. aviser, lærebøker og lime det inn i ein teksteditor i Wordle, og deretter la programmet lage ei visuell framstilling av orda, i ei såkalla “ordsky”. Programmet tel opp orda, og gir ord som er mykje brukt større plass. Ein kan så skrive ut “ordskya”, lage pdf, sette ho inn i eigen blogg, LMS, eller ein kan publisere det under ein cc-lisens.

 Eit eksempel vi vart vist til i fagrommet på ITSL er frå  http://gotaas.blogspot.com/search/label/wordle  – om korleis ein kan bruke det i samf.økonomi. Ved hjelp av gode stikkord, kan ein lettare attfortelje ei hending. Ein kan også lime inn URL til t.d. ei nettavis som har RSS-feed, og deretter lage ei visuell framstilling av kva ord som kjem ofte eller sjeldan i nyheitene.

Kva pedagogisk bruk opner tenesta for?

Det er vel berre fantasien som set grenser for kva ped.bruk tenesta opnar for. Heilt enkelt kan eg bruke det som intro til eit emne, og elevane kan skrive inn ord dei assosierer, og saman/kvar for seg lagar dei ei ordsky. Elevane kan bruke Wordle til å skrive stikkord frå eit emne, og når dei skal presentere emnet kan dei bruke ordskya. Eg har også prøvd å få til innlæring av gloser/øveord på eigne born, og det var motiverande med ein ny vri, og når skyene heng rundt omkring ser eg stadig at borna står og studerar dei.

I skulen sin utviklingsplan for skuleåret 2010/11 har vi som første utviklingsområde at skulen “skal stimulere elevane si lærelyst, uthald og nyfikne”. Ved å bruke ny teknologi på nokre områder trur eg nok at motivasjonen vil auke, og elevane vil oppleve det meir interessant. På læringsplakaten vår har vi også eit punkt som seier at skulen skal fremja tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar. Elevane er ulike og lærer på ulike måtar, og derfor er det viktig å bruke nye arbeidsmåtar, variasjon, og la elevane ta meir aktivt del i å lære seg nytt stoff. Når ein nyttar element frå Web 2.0 brukar vi samstundes ein arena mange av elevane brukar på heimebane. For andre vil det skape interesse og nysgjerrigheit.

Eg tenkjer å bruke programmet på flg. måte i mi undervisning:

Naturfag er fortsatt det faget der eg føler at eg kan bruke ikt mest i år. Under leksjon 1 laga eg ei heimeside til faget på Fronter. Denne har eg brukt aktivt, og no som intro til nytt emne har eg brukt Wordle og laga ei ordsky av viktige ord om emnet vi skal jobbe med: skjelettet. Dette la eg ut ca ei veke før vi starta, for om mogleg kunne skape litt undring og interesse. Eg kunne ha laga denne skya saman med elevane som ein “brainstorming” før vi starta med emnet, men no valde eg å legge ut dei omgrepa som er målet at dei skal kunne, slik at eg sjølv kunne lære meg Wordle.

Eg skal ha om emnet- skjelett, og tenkjer å bruke 4 veker à 2 timar på det. Læreplanen seier at elevane skal kunne beskrive skjelettet og musklar, og gjere greie for korleis kroppen kan bevege seg. Dei skal også kunne beskrive kjenneteikn ved virveldyr.

Når eg skal lage eit undervisningsopplegg, vil eg også her bruke MAKVIS-prinsippet.

Motivasjon: Vise to filmar frå YouTube: The Sceleton Dance og Learn Human Body – Sceleton system. Spesielt The Sceleton Dance er litt morosam, så det kan vere fint med ein humoristisk start. I tillegg vil eg bruke Wordle-biletet mitt over omgrep dei skal kunne i emnet, og snakke litt om dei.
Aktivisering: Når elevane har ein viss kunnskap om emnet, vil eg her gå inn og bruke Wordle saman med elevane. Eg tenkjer at elevane gruppevis skal velje seg eit skjelett av virveldyr, lage ein disposisjon om kva dei vil fortelje klassen, og så lage stikkord om emnet. Dette skriv dei så inn i Wordle og lagar ei ordsky. Elevane skal så ut frå ordskya fortelje klassen om sitt emne. Elevane har ikkje tilgjenge til fargeskrivar, så dei legg linken til ordskya ut på faget i Fronter. Dei kan og lagre ordskya som eit bilete, for så å laste det opp på Fronter.
Konkretisering: Vi har ein skjelettfigur i naturfagsalen, og når vi har om menneskeskjelettet, kan vi bruke den modellen. Dei skal også gjere oppgåver der dei brukar kroppen sin som døme.
Variasjon: Elevane skal få lage varierte spørsmål til sitt emne, og må leggje vekt på å variere spørsmålstypen. Eg legg så spørsmåla ut som ein arbeidstest på Fronter. Denne testen skal elevane gjere heime. Læreboka har også ei nettside der vi finn både film, quiz og fakta.
Individualisering: Når elevane tek “arbeidstesten” vil eg sjå kven som treng meir øving, og kva delemne som det må arbeidast meir med.
Samarbeid: Både gjennom arbeidet med Wordle, presentasjon for klassen og lage spørsmål må elevane samarbeide i grupper, i dei andre prosessane må elevane arbeide individuelt.

Når eg no har jobba meg gjennom førebuinga og innlæringa av Wordle for eigen del, har eg fått eit tips om eit liknande program – http://www.tagxedo.com/   Dette er kanskje enda meir spennande. Her kan ein velje figurar på “ordskya”, og dette trur eg nok vil vere endå meir motiverande på elevane. Det blir jo ganske stilig når elevane t.d. skal lage ordsky om katten, at orda er forma som ein katt. Elles er det same prinsippet som Wordle.

« Older entries